Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

måndag 17. mars 2008


Nest siste behandlingsdag i dag, og ingenting nytt å melda, sett vekk frå at det har vore skikkeleg snøstorm her i heile dag. Bildet viser ikkje snøen som fyk og vinden som bles, men det var skikkelege guffent. Trudde ikkje det kunne vera sånn i Danmark. Beklager, Johan, det vart som du forstår ingen blomsterbolder i dag.

søndag 16. mars 2008

Opphaldet som no har vore i bloggane, skuldast at eg har hatt søstra mi på besøk. Det å gå på tur med og snakka med ho, har hatt førsteprioritet. Opphaldet er no i ferd med å gå inn i sluttfasen. Me har no eit rutinemessig opplegg der einaste utvikling for min del er at mistelteindosane etter kvart går opp (50 mg i dag) og at belastninga i den lokale hypertermien går opp. I går hadde eg 150W i 70 min., som resulterte i ei energimengde på 710 kJ.

Det har vore ein fantastisk vårdag i dag, ein slik som me kan ha langt uti mai i Trøndelag.



Blidet attmed viser det siste av apparata eg har bruka på Humlegården. Det er ein rehatron som produserer lynraske straumpulsar som genererer pulserande magnetfelt som går inn i kroppen der ein held den blå lykkja. Dette stimulerer imunforsvaret allment og spesielt cellene sin evne til reparasjon.

Vil og nemna at eg no begynner sterkt å lengta heim. 3veker som hardarbeidane pasient er nok.

Vil og nemna at til kvart måltid et me 5 aprikoskjerner. Bakgrunnen for det er å finna i følgjande utklipp frå Dagbladet 31.10.07:
"
DETTE ER TEORIEN:Vitamin B 17 har en spesiell sammensetning: Den består av to deler glukose (sukker), en del benzaldehyde, og en del cyanid. Cyanid (blåsyre)kan være giftig og dødelig i for store mengder, men låst inne i B17 er det i følge Griffin ufarlig. Bare èn substans kan låse opp B17-molekylet og utløse cyaniden. Det er et enzym som heter beta-glukosidase. Når B17 kommer i kontakt med dette "åpnende" enzymet i nærhet av vann, løser det ikke bare ut cyaniden, men også benzaldehyde, som er giftig i seg selv. Når disse to giftene virker sammen, blir de minst hundre ganger giftigere. Det snedige er at det åpnende enzymet ikke finnes i farlige mengder noen andre steder enn ved kreftcellene, hvor det finnes i rikelige mengder. Resultat: B 17 slipper løs giftene sine ved kreftcellene, og bare der. For å beskytte resten av kroppen mot cyanid, har vi et ”beskyttende” enzym som finnes alle andre steder enn ved kreftcellene. Dette enzymet nøytraliserer cyanid, og gjør det om til biprodukter som hevdes å være sunne og viktige for helsen vår. Mer om B17 og kreftbehandling på Fritt Helsevalgs nettsider og Eu-nettsiden om alternativ medisin -cam-cancer.org "


torsdag 13. mars 2008

Ferdig kl. 20.00 i dag. Deretter fekk me eit foredrag om kreft allment og om angiogenesehemmarar. Blandt det som vart sagt om kreft vil eg nemna: Det viser seg at svært mange som dør av ulike grunnar (ikkje kreft) og som vert obdusert, viser seg å ha små kreftsvulstart (1mm)som ikkje har vakse. Altså små
kreftsvulstar er vanleg, men kvifor er det berre hos nokre dei startar å veksa? Ein veit ikkje sikkert, men fysiske eller psykiske kriser kan utløysa veks i kreftsvulsten. Ein teori (angiogeneseteorien) seier at vilkåret for at kreften skal kunne veksa er at dei sender ut veksstimulatorar av ulike slag som stimulerer blodkar i friskt nærliggande vev til å senda ut ein sidearm mot svulsten (angiogenese). Den metronomiske cellegiften som øydelegg og/eller hindrar nydanning av blodkar til kreftcellene, har sterkare effekt dersom dei vert kombinert med stoff som hindrar nydanning av slike blodkar, angiogenesehemmarar. Det vart i dag nemnt grønn te og alfalipoensyre (+ mange andre)som Humlegården brukar. Eg skal seinare komma tilbake til dette. Når det gjeld Cox-2, skulle det takast opp i eit seinare foredrag (Peter har skrive om det i ein kommentar til innlegget i går).

Feberen som eg fekk i går pga høgare mistelteindose, var på normalt nivå om kvelden. Det vil seia at eg kan halda fram opptrappinga av mistelteindosane.

onsdag 12. mars 2008

Då er klokka 19.21 og eg er akkurat ferdig med dagens progam. I dag har første "unormalitet" oppstått, kl. 17.00 var temperaturen 38,2. Det kom saman med at mistelteindosen var auka til 30 mg. Det. er normalt, men det vert spennande å sjå kor lenge det varer.



Av nye ting som eg skal halda fram med etter eg kjem heim, er metronomisk cellogift (sendoxan 50 mg). Det er ein tablett som eg tek kvar morgon. Denne cellegifta angrip ikkje sjølve kreftcella, men dei cellene som utgjer veggane i blodkarene i kreften. Det gjer at nydanning av blodkar opphøyrer eller minkar, slik at kreftcellene ikkje får næring. Dette kan føra til minking eller fullstendig destruksjon av kreftsvulsten. Det er mykje mindre bivirkningar av denne medisinen enn vanleg cellegift. Det kan virka litt negativt på beinmargen og det kan gi litt mageproblem.



Metronomisk cellegift bør altid kombinerast med andre terapiar f.eks Cox 2-hemmarar eller angionesehemmarar (ikkje spør meg!!). Her brukar ein å kombinera den metronomiske cellegifta med grønn te og aprikosekjerner (B17)

Eg har før skrive om at oksygen er ein av behandlingane. Her er eit apparat som produserer det dei kallar ardenne?oksygen. Her sit eg ein time kvar dag og pustar inn oksygen i djupe drag.

Dette apparatet kallar dei biofoton. Handtaket som ligg til høgre har ei rute der det kjem eit pulserande lys. Denne presser ein inn mot huden utanfor kreften, den spesielle frekvensen til dette lyset frigjer hormonar? som stimulerer immunforsvaret.

Dei eldste byggningane på Humlegården er staselege. Det har tidligare bilder her vist. Her er eit utsnitt frå ei av stovene i hovudbygget.

tysdag 11. mars 2008

Fekk resutat frå blodprøven i dag. Blodplatene, som var mest kritiske, var oppe på normalverdiar. Det er mest eit under, i Trondheim kunne dei ikkje gjera noko for å få opp blodplateverdiane. Dei kvite og raude stod i ro. Eit teikn på at beinmargen er godt sliten.

Fekk og lokal hypertermi i dag. Dette er ei behandling som dei og driv med på Haukeland sjukehus, som det einast sjukehuset i Noreg. Eg vart radiostråla med ein effekt på 150 W i 75 min. og energimengen som kroppen tok i mot var på 672 kJ. Det betyr at temperaturen i det lokale området var langt opp mot 50 grader.

Då eg la meg ned for å få hypertermien, så den bulgarske sjukesøstra til meg: Du må læra alle dei andre pasientane å pusta. Rolf, du har gjort ein god jobb som meditasjonstrenar!!

måndag 10. mars 2008




I dag starta dagen med blodprøve. Eg tek ein del for å få opp blodverdiane, og det må kontrollerast. Korleis er stoda ellers? Formen blir betre for kvar dag, i dag klarte eg å springa ein halv km. utan at hjarta slo seg ut av kroppen.

Heilt sidan operasjonen har eg vore plaga med smerter i mageregionen, truleg smerter i alle arra som er der inne. Det er no vesentleg betre!

Ei god stund no har eg vore nummen og hatt vondt under føtene. Det er og komme seg ein god del. Det einaste som manglar no, er at noko dramatisk skjer. Noko dramatisk som viser at kreftkulane sloss dødskampen sin.

Som sagt så var eg ute på tur i dag. Det danske turterrenget er ikkje som det norske. Skogen eg gjekk i var etter vore begrep meir park enn skog. Merka med fine steinar var dei og.
Her er ein del av turløypa mi. God å gå i.

laurdag 8. mars 2008

Helga ferdig

No er eg halvferdig med opplegget. Det går jammen fort!!


I går vakna me opp til ei vakker sol og fin temperatur. Fekk gåttt meg ein god "skovtur" ut på ettermiddagen. Formen er fin og for oppadgående.

I dag har det vore ein roleg og grei dag med standard behandling. Fekk meg ein fin tur i dag og. Sit no og skriv, medan Tove pakkar. Ho reiser i morgon tidleg.

Nokre har etterlyst bilde av Tove. Her kjem eit par av Tove i hagen på Louisiana.

Her utanfor hovudinngangen.















Her er Tove i hagen ei av svært mange statuer. Hagen åleine er verd eit besøk.



fredag 7. mars 2008

Behandling som vanleg og tur til Helsingør

I dag starta eg behandlinga 6.15, slik at me skulle få tid til ein Helsingørtur. Det gjekk bra. Me fekk oss ein fin tur i gammlebyen og på Kronborg slott. Litt spasering, kaffidrikking, shopping (Tove!!) og eit godt glas vin til slutt før me drog heim. Triveleg tur og godt å gjera noko anna. Me bestemte oss for at her må me komma tilbake ein gong.


I serien Hummlegårdbehandlingar, er me i dag komme til oksygenbehandling (den eine). Den største boksen produserer singuletoxygen som vert pusta inn 2 gonger om dagen i 10 min. via slangen som visest på brystet mitt. Den litle boksen produserer same type oksygen som vert tilført eit glas vatn som me drikk etterpå. Høgt oksygeninnhald i blodet er ugunstig for kreften.

Kvar fredag kl 20.00 samlast alle pasientane og pårørande til kaffi og kaker rundt eit stort bord i storstova. Der vert det snakka om alt muleg, men sjølvsagt så er det ofte våre eigne erfaringar på godt og vondt det vert snakka om.

torsdag 6. mars 2008

Roleg dag.

I dag var det ein roleg dag. Eg gjennomførte programmet og så gjekk eg meg ein tur på halvannan time i "de danske skove". Tove gjekk rundt og fotograferte litt, blandt anna meg i ulike positurar. Bildet attmed er meg på magnetbenken. Det har vist seg at kreftcellene er følsomme for magnetfelt, så derfor har eg to typar magnetfeltterapi. Bildet av den andre typen kjem seinar.

Her er kokken i ferd med å gjera klar lunchen. Maten er ein viktig del av behandlinga. Det er vegatarisk mat og den er så variert at alle finn noko dei likar. Dersom nokon ikkje klarar seg utan kjøt eller fisk så får dei det. Men maten er så god og så delikat at kvart måltid er ein fryd.

Bilda under er frå Humlegården.



Inngangspartiet med overlege Finn Skjøtt Andersen. Meir om denne spesielle og fantastiske mannen seinare.











Inngagspartiet med ein del av innkjørsla















Slike dekorasjonar er det mange av på veggane.










Me driv ikkje og kavar med snøen. Krokus og snøklokker er det som gjeld her.


onsdag 5. mars 2008

Behandling og kunstutstilling




Var spent i dag på korleis formen var etter heilkropps hypertemien. Overraskande bra; det kjentes ut som formen var 2 hakk betre enn før behandlinga.


Men i dette gamet kan ein ikkje kvila på laurbæra. I dag var det lokal hypertermi (i tillegg til det vanlege). Den vert utført av maskina på bildet. Poenget er at kreftsvulstar har dårleg blodtilførsel. Dette gjer dei svært følsomme for høge temperaturar. Maskina sørgar for temperaturar opp mot 42 grader. Behandlinga er grei. Du vert varm i toppen, men det er ikkje noko belastning å snakka om.


I dag fekk me og med oss Cezanneutstilling på Louisianna. Der tok eg nokre fine bilder som eg sjølvsagt klarte å sletta. Dette bildet "«La maison du pendu» (1873), " får vera ein illustrasjon på denne opplevinga. Louisianna er ein fin plass som ingen må kjøra forbi.


tysdag 4. mars 2008

Stadig nye erfaringar.



I dag hadde me tenkt oss til Lousianna for å sjå på Cezanneutstilling. For å få tid stod eg opp klokka 6.15 for å gjera unna ein del ting før frukost. Alt gjekk bra, men så ville dei ha meg med på heilkropps hypertermi.

På bildet over vises utstyret. Opplegget er at ein vert varma opp av kraftige lampar under "senga". Varmen vert halde på plass av den grøne folien. Det ideele er å komma opp i ein kroppstemperatur på 40, 40,2 grader. Dette skal stressa kreften kraftig. Heile opplegget varer 6 timar. Eg kom opp i 39,5 som haldt seg stabilt i ca 4 timar. Det kjentes VELDIG effektivt ut Var det like tøft til kreften som til meg, så går dette bra.

Slik ser ein ut etter å ha vorte kokt på 39,5 grader ei god stund.
Elles må eg nemna at dosen med intravenøs C-vitamin i dag gjekk opp til 50 g. Det får eg kvar 4. dag.
I morgon satsar me på Lousianna endå ein gong, men me veit aldri.
No snør det og det hadde det gjort i natt og. Me vakna til snødekka mark og kulde.

måndag 3. mars 2008

5. dag.

No begynner eg å verta erfaren. I dag var det repetisjon av alt det som eg har gjort før, men med større dosar og lengre tid. Tove tok bilde av meg i Reich`s organakkumulator, kanskje noko av det meir spesielle som er her. Men når ein har sagt A, må ein og seia B, C, D, ...... osv.


Nokre vil vel seia at endeleg så har han havna der han hører heime.
Meir om dei ulike opplegga med bilder kjem seinare.

søndag 2. mars 2008

Ferdig med 4. dag.



Stua på humlegården sett utanfrå





No ligg eg i senga for å oppsumera 4. dag og det som er sett i gang av behandling til no: Det kanskje viktigaste er misteltein. Eg får injeksjonar kvar dag (mistelteinen er kombinert med div andre ting) i stigande dosar. På slutten er det aktuelt i injesera store dosar rett inn i svulstane. Av aparatbehandling kan eg nemna hypertermi, kortbølgebehandling, magnetfeltterapi, organakkumulator, oksygenbehandling, intravenøs C-vitamin (25 g i starten, så meir), biofoton (lys som varmar opp kreftsvulstane) rehatron (magnetbehandling av kreftsvulsten). Du kan lesa meir på http://www.humlegaarden.com/ . Dagleg mosjon høyrer og med.
I tillegg til dette tek eg: metronomisk cellegift (dagleg), magnesium phosphoricum acidum D6 (homøopatmedisin 10 d. 3 g. dagleg), chelidonium comp (homøopatmedisin 15 d. 3 g. dagleg), solhat 60 d. 3 g. dagleg, Hepatodoron for levra 2 tab. 3 g. dagleg, Hepar 140 mariatistel for levra 2 kapslar 3 g. dagleg og Reishi forte mot kreft i levra 2 kapslar 3 g dagleg.
I går vart eg ultralydskanna for å vurdera injeksjonar direkte i svulstane. Den kan verta aktuelt med å brenna vekk svulstane, det vil bli vurdert etter kvart. Overlegen såg optimistisk på mi framtid.
Me har snakka med mange av pasientane og dei pårørande. Berre fornøgde folk og mange gode historiar.

Det må og nemnast at kosten er reint vegetarisk og ein del av behandlinga. Det er ikkje alle som er like fornøgd med det, men dei aller fleste finn seg i det.


Slik ser omgivelsane ut:





fredag 29. februar 2008

Andre dag på Humlegården:

No er me i gang og dette er ikkje ein kvileheim. I dag har det vore blodprøvar, mistelteininjeksjonar og ein serie behandlingar som er beskrive på Humlegården sine heimesider. Alt dreiar seg om å utsetja kreften for så mykje stress at veksten vert stoppa og drive tilbake. Hovudprinsippa er bruk av misteltein, magnetisme, oksygen og varmebehandlig. Eg får og ein god del som skal forbedra imunforsvar og allmenntilstand.

Samtalane med andre pasientar og pårørande er svært oppmuntrande. Alle trivest og har mange gode historia og fortelja. Dersom det virkar på folk som er mykje dårlegare enn meg, så må det i alle folk gjera noko godt for meg og.

Meir i morgon.

torsdag 28. februar 2008

Humlegården 1. dag.

No er me på plass på Humlegården. Ser spennande ut. Me kom ca. kl 18.00, og i løpet av kvelden hadde eg grundig samtale med lege Finn Skøtt Andersen, fått to injeksjonar og hypertermibehandling. Kveldsmaten var vegetarisk som eg har forstått all maten er.

Eg skulle hatt cellegiftkur i går. Men blodverdiane var framleis så dårlege at kur ikkje var tilrådeleg. Det vart då bestemt at eg no tek behandlingspause slik at beinmargen får kvila seg. Overlegen meinte og at virkninga av behandlinga var så god at det var heilt greit å ikkje ha kur nokre månader.

Meir i morgon.

måndag 25. februar 2008

No virkar bloggen att!

Av mange grunnar har det ikkje vore skrive noko i bloggen på eit halvt år, men no trur eg han er reparert.
Etter behandlinga i august -07 har følgande skjedd. Eg har vore i 100 % jobb i haustsemesteret. 12 november var det full gjennomgang. Kreften hadde vakse, slik at det vart starta behandling med taxol/carboplatin (ny cellegift altså).
Denne gifta får eg med kur kvar 3. veke (har stort sett gått 3,5 veke pga dårlege blodverdiar, særleg blodplatene). Det verkar slik på meg: Først 3 dagar med kvalme som tabelettane fiksar greit. Så 2-3 dagar med influensaliknande reakasjonar (smerter i musklar og skjelett). Etter det er det einaste eg merkar at eg vert slappare og slappare fram til det byrjar å gå oppover att.

20/2 var det ny gjennomgang. Me vart litt skuffa, for prøvene viste stagnasjon men ikkje tilbakegang. Men sjølvsagt: Det kunne vore mykje verre!

Kva er det ellers å seia om dette halvåret? Eg starta i full jobb berre nokre dagar etter kuren i august. I ettertid må ein vel oppsumera at det var litt optimistisk, men det var og vedlig godt å komma i normalt gjenge ein periode. Det luraste hadde vel vore å starta på deltid for å trappa opp når kreftene tilsa det. Eit element her reglane for sjukepengar. Tanken min var at eg måtte sikra meg 6 mnd i full jobb, slik at eg ikkje risikerte å komma i ein situasjon der eg fekk vesentleg lavare inntekt å forholda meg til.

Når det gjeld dei alternative aktivitetane, har eg halde fram med dei som før; både trim, kosthald , tilskot og meditering. Det einaste nye er at eg har starta med eit nytt mistelteinprodukt: Palm misteltein.

Torsdag i denne veke reiser kona og eg til Danmark og Humlegården for å sjå om dei kan hjelpa meg til å få kontroll over kreften. Gler meg til det!! Neste innlegg i loggen kjem når me har installert oss på Humlegården.