Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

fredag 29. februar 2008

Andre dag på Humlegården:

No er me i gang og dette er ikkje ein kvileheim. I dag har det vore blodprøvar, mistelteininjeksjonar og ein serie behandlingar som er beskrive på Humlegården sine heimesider. Alt dreiar seg om å utsetja kreften for så mykje stress at veksten vert stoppa og drive tilbake. Hovudprinsippa er bruk av misteltein, magnetisme, oksygen og varmebehandlig. Eg får og ein god del som skal forbedra imunforsvar og allmenntilstand.

Samtalane med andre pasientar og pårørande er svært oppmuntrande. Alle trivest og har mange gode historia og fortelja. Dersom det virkar på folk som er mykje dårlegare enn meg, så må det i alle folk gjera noko godt for meg og.

Meir i morgon.

torsdag 28. februar 2008

Humlegården 1. dag.

No er me på plass på Humlegården. Ser spennande ut. Me kom ca. kl 18.00, og i løpet av kvelden hadde eg grundig samtale med lege Finn Skøtt Andersen, fått to injeksjonar og hypertermibehandling. Kveldsmaten var vegetarisk som eg har forstått all maten er.

Eg skulle hatt cellegiftkur i går. Men blodverdiane var framleis så dårlege at kur ikkje var tilrådeleg. Det vart då bestemt at eg no tek behandlingspause slik at beinmargen får kvila seg. Overlegen meinte og at virkninga av behandlinga var så god at det var heilt greit å ikkje ha kur nokre månader.

Meir i morgon.

måndag 25. februar 2008

No virkar bloggen att!

Av mange grunnar har det ikkje vore skrive noko i bloggen på eit halvt år, men no trur eg han er reparert.
Etter behandlinga i august -07 har følgande skjedd. Eg har vore i 100 % jobb i haustsemesteret. 12 november var det full gjennomgang. Kreften hadde vakse, slik at det vart starta behandling med taxol/carboplatin (ny cellegift altså).
Denne gifta får eg med kur kvar 3. veke (har stort sett gått 3,5 veke pga dårlege blodverdiar, særleg blodplatene). Det verkar slik på meg: Først 3 dagar med kvalme som tabelettane fiksar greit. Så 2-3 dagar med influensaliknande reakasjonar (smerter i musklar og skjelett). Etter det er det einaste eg merkar at eg vert slappare og slappare fram til det byrjar å gå oppover att.

20/2 var det ny gjennomgang. Me vart litt skuffa, for prøvene viste stagnasjon men ikkje tilbakegang. Men sjølvsagt: Det kunne vore mykje verre!

Kva er det ellers å seia om dette halvåret? Eg starta i full jobb berre nokre dagar etter kuren i august. I ettertid må ein vel oppsumera at det var litt optimistisk, men det var og vedlig godt å komma i normalt gjenge ein periode. Det luraste hadde vel vore å starta på deltid for å trappa opp når kreftene tilsa det. Eit element her reglane for sjukepengar. Tanken min var at eg måtte sikra meg 6 mnd i full jobb, slik at eg ikkje risikerte å komma i ein situasjon der eg fekk vesentleg lavare inntekt å forholda meg til.

Når det gjeld dei alternative aktivitetane, har eg halde fram med dei som før; både trim, kosthald , tilskot og meditering. Det einaste nye er at eg har starta med eit nytt mistelteinprodukt: Palm misteltein.

Torsdag i denne veke reiser kona og eg til Danmark og Humlegården for å sjå om dei kan hjelpa meg til å få kontroll over kreften. Gler meg til det!! Neste innlegg i loggen kjem når me har installert oss på Humlegården.