Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

måndag 25. juni 2007

Fekk 2. mellomkur i dag.

Det var bra, for dei to siste vart det ikkje noko av pga av for dårlege blodverdiar. Blodplatene heilt på kanten i dag og, men det gjekk bra.

Formen har vore stigande dei siste dagane. I går var eg på ein lang markatur (furumyrer(bildet) er himmelsk å gå i), og i forgårs sprang eg 2 km i grei fart utan å verta for utslitt. Stigande form merkar eg på at eg vert mindre sliten ved arbeid og trim. Andre tydlege teikn er at slimhinnene begynner å verta normale (maten vert god att) og at avføringa vert som ho skal. Som de forstår, er det ei tid for kroppsfokusering.

I mitt neste innlegg skal eg filosofera litt over tru og optimisme i sjukdomsamanheng.

tysdag 19. juni 2007

Etter 6.hovudkur 1. mellomkur.

Alle blodverdiar var bra til 1. mellomkur, slik at eg fekk behandling. Eg har ikkje komme i form igjen etter hovudkuren, så det går litt tungt for tida. I natt vakna eg mykje med smerter i rygg og lår. Trur at det gir seg snart, men det er no tydeleg at kroppen slit med å ta seg att etter kurane. Før forsvann ca. ei veke i løpet av ein kur (4. veker), medan eg no er satt ut i 2. veker, og ikkje i form ein del lengre.
Gler meg til behandlinga er ferdig og eg kan begynna å leva eit normalt liv att (i alle fall ein periode). Gjennomgangen som eg skal ha i starten av juli begynner å fylla meir og meir av tankane. Er veldig spent, men og optimistisk. Trur at kulane har gått tilbake. Målet er at at alle har gått tilbake og at det no ikkje er kular utanfor levera. TRUR at det er slik!!

fredag 15. juni 2007

Litt for lenge sidan sist

no, men det kjem av at det har vore litt travelt og delvis av dårleg form etter 6. hovudkur.
Sidan sist har eg vore ein tur på Vestlandet for å besøka slekt og sjå til "gamle tomter". Var hos far min nokre dagar og bruka tida til å besøka og snakka med søskenbarn, onklar og tanter. Veldig triveleg etter gamalt.
Far min og eg kjørte til Trøndelag og han var her ei veke. Me gjekk turar og kosa oss. Godt.
6. hovudkur gjekk bra. God kontroll på kvalmen denne gongen. Neulasta (imunstyrkande sprøyte) har vorte vane no, og den vart sett onsdag. Torsdag og fredag (i dag) har derfor ikkje vore noko særleg. Det er framleis som å ha ein kraftig influensa. Men no veit eg kva årsaken er, så det går greit likevel. Ein får berre leggja seg meir på sofaen og kvila.
Sett vekk frå dette er utviklinga framleis god. Testa meg dagen før hovudkur med ein springetur. Det gjekk bra. Verkar som formen er like god no som då eg begynte med behandling. Har vore til fysioterapeut onsdag og i dag. Framleis fin framgong med magemusklane og andre musklar.

måndag 4. juni 2007

Etter 5. kur, 2. mellomkur

må eg bere konstantera at det ikkje vart behandling denne gongen heller. No var det nivået på blodplatene som var for lavt. Verdiane for dei kvite blodcellene hadde og gått kraftig tilbake. Mykje tyder på at kroppen snart må ha ein behandlingspause uansett kva resultat gjennomgangen i starten av juli viser.
Sett vekk frå det som kan målast i blodet, formen og optimismen er god og stigande.