Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

tysdag 24. juli 2007

Rapport etter 7. hovudkur, 2. mellomkur

som ikkje vart noko av p.g.a. for dårleg blodplateverdi. Blodprosenten var heller ikkje noko å skryta av (ca. 60%), medan dei kvite blodcellene faktisk presenterte verdiar innanfor normalen. At blodprosenten var lav har eg kjent, men eg trudde ikkje det var så lavt. I heile tatt har desse 14 dagane etter hovudkuren vore tunge. Kvalmen sat lenge i og kroppskleinheita etter immunforsvarssprøyta varte lenge. Vepsestikk har aldri gjort meg noko, men eit eg fekk søndagen slo meg ut ein heil dag.

Tru likevel ikkje at humøret er dalande. Eg gler meg som ein unge til å vera ferdig med behandlinga for denne gongen og kunna leva nokolunde normalt. Heilt normalt vert det sjølvsagt ikkje, for blifriskopplegget heldt fram som før, men på alle andre måtar vil livet verta normlisert. HERLEG!!!!
Var oppe på kreftavdelinga i dag og bad om at gjennomgangen i november vert gjort v. h. a. PAT-scan. Då får ein ikkje berre sett storleiken på dei kulane som visest, men kor aktiv kreften er. Eg vil no gjerne vita om det er kreft i alle kulane og om det framleis er kreft utanfor levra. Ville og ha ein samtale om kva eg skulle gjera for byggja opp att kroppen etter behandlinga, men der hadde dei ikkje mykje å bidra med.

fredag 13. juli 2007

Vegen vidare

er no avklart ei god stund framover, og det er godt. Det å ikkje kunna planleggja noko som helst, slit i lengda. Eg skal gjennomføra 7. hovudkur fullt ut (2 mellomkurar i tillegg til hovudkuren som eg er ferdig med). 7. og 8. august skal eg ha 8. hovudkur, men då er eg ferdig med cellegifta for denne gongen. Etter det skal eg til kontroll i november. Er det ikkje noko spreiing eller vekst då, skal eg halda fram utan behandling.
Dette betyr at eg kan begynna å jobba att når skulen startar. Fram til skulestart skal eg jobba for å finna fram til ein god rytme i kvardagen, slik at eg klarar å kombinera det å vera kreftpasient ( som eg nok kjem til å vera ei god stund framover) og det å jobba. Skulen legg forholda godt til rette, så det trur eg skal gå bra. Men ein må passa seg for hybris.

torsdag 12. juli 2007

Full gjennomgang, 7 hovudkur:

Først det viktigaste: Ikkje noko spreiing, dei fire kulane i levra var alle gått tilbake, men litt mindre enn sist. ca 25% i gjennomsnitt. To lymfeknytar utanfor levra som har vore forstørra har no normal storleik. Med det same me fekk resultatet vart me litt skuffa, for me håpa sterkt. Men i ettertid er me godt fornøgd. Resultatet er så godt som ein kunne håpa.
Eg var ikkje forberedt på at prøvane skulle verta så belastande. Ikkje prøvane i seg sjølv, men usikkerheita når det galt resultatet. Det var halvveges hyperventilering i to dagar. At eg nokre gonger ser pasientar som starta behandling omtrent samstundes med meg, som openbart ikkje har lenge att, er heller ikkje særleg oppmuntrande. Men eg klarte å løfta meg noko begge dagar med meditasjon.
Sjølve kuren gjekk godt, lite kvalme og eg var ikkje så utmatta på slutten som eg var 5. og 6. hovudkur. Ikkje kvalm i dag, berre litt luftgulping. Eg og hunden vår gjekk fem kilometer og humøret er bra. Har nett tatt Neulastasprøyta og er spent på korleis den virkar på meg dei neste dagane. Eg trur at eg tåler den óg betre.