Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

måndag 10. mars 2008




I dag starta dagen med blodprøve. Eg tek ein del for å få opp blodverdiane, og det må kontrollerast. Korleis er stoda ellers? Formen blir betre for kvar dag, i dag klarte eg å springa ein halv km. utan at hjarta slo seg ut av kroppen.

Heilt sidan operasjonen har eg vore plaga med smerter i mageregionen, truleg smerter i alle arra som er der inne. Det er no vesentleg betre!

Ei god stund no har eg vore nummen og hatt vondt under føtene. Det er og komme seg ein god del. Det einaste som manglar no, er at noko dramatisk skjer. Noko dramatisk som viser at kreftkulane sloss dødskampen sin.

Som sagt så var eg ute på tur i dag. Det danske turterrenget er ikkje som det norske. Skogen eg gjekk i var etter vore begrep meir park enn skog. Merka med fine steinar var dei og.
Her er ein del av turløypa mi. God å gå i.