Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

måndag 28. mai 2007

Kvelden før 5. kur, 2. mellomkur

og på tide å oppsumera denne bolken. Etter 1. mellomkur har formen vore jamnt stigande. Ingen plager utanom noko hjarteklapp i oppoverbakkar og når eg prøver meg med litt springing. Dette skuldast at blodprosenten framleis er lav.
Kjem nett frå fødselsdagselskap til dottera mi, som har klart å verta 30 år. Korleis ho klarar å verta 2 år eldre for kvar gong eg vert eit år eldre, skjønar eg ingen ting av. Heile familien samla. Veldig triveleg.

Tenkte eg skulle (som lova) skriva litt om kosthaldet mitt.
Det byggjertre hovudprinsipp:
  1. Kroppen må alle dei næringstoffa han treng og det må vera balanse mellom karbohydratar, proteinar og feit.
  2. Kreften treng mykje energi for å veksa. Dersom blodsukkeret er høgt gir dette ekstra mat for kreften. Å hindra rask blodsukkerstigning er derfor viktig.
  3. Eit surt miljø i kroppen er gunstig for kreften, og det gir dårlegare helse ålment. Kosthaldet bør derfor gi eit basisk miljø i kroppen.

Desse prinsippa prøver eg å tillempa slik: Null sukker fordi det gir blodsukkerstigning og surt miljø. Minst muleg høgglykemiske karbohydratar av same grunn. Mykje grønsaker fordi det gir vitaminer, mineralar og fiber og stimulerer eit basisk miljø. Kjøt og fisk et me, men ikkje veldig mykje fordi det gir surt miljø. Mykje mindre mjelkeprodukt pga at dei er sterkt forsurande. Forsiktig med frukt pga fruktsukkeret.

Ei stund no har Tove laga grønsaksaft til meg kvar morgon og kveitegrassaft to gonger om dagen. Beggje desse drikkane er stappfulle av vitaminar og mineralar. Kveitegrassafta vert laga slik: Ein sår økologisk kveite i eit kar ca: 20 cm * 40 cm. Når graset har vorte ca 10-15 cm tek Tove ein handfull i hurtigmixaren, riv det i småbitar og blandar så vatn oppi.

Alt som er beskrive innlegget Prosjekt lev lenge: kjem sjølvsagt i tillegg.

Ein dagsmeny kan sjå slik ut:

  • Frukost: Ei skive (rugbrød eller tilsvarande) med vegetarisk pålegg. Grønsaksaft, kaffi og eit eple.
  • Eit gulerot og en tomat som mellommål.
  • Lunch: Ein rå salat (mykje olje, spirer, frø og nøtter i tillegg til grønsaker) med kveitegrassaft.
  • Eit eple og ein liten ostebit (gamle ole?) som mellommål.
  • Middagen kan vera ein grønsakwok med kjøt, eller fisk i eller vegetarkaker frå Helios saman med koka broccoli, eller lam med salat og koka broccoli.
  • Noko lite til kvelds for å hindra at eg vaknar av at eg er svolten.

I tillegg til dette kjem alle kosttilskota og drikking av mykje reint vatn.

Som ein ser kan ein eta svært variert og smakfullt sjølv om ein føl prinsippa. Ein ikkje ugunstig biverknad av eit slikt kosthald, er at det og sikrar stabil vekt (og nedgang i vekt for dei som har behov for/ønsker det).

tysdag 22. mai 2007

5 kur, 1. mellomkur:

gjekk bra! Svært høge verdiar på dei kvite. Greit å ta cellegifta, men det tek på med all ventinga.
Veke mellom hovudkur og første mellomkur med Neulastasprøyte, kan oppsumerast slik: På langt nær så dårleg som sist gang. Men eg var urven heile veka og var kvalm mykje lenger enn eg har vore før. Det skjedde og ein voldsom innvendig luftproduksjon som måtte ut i alle retningar. Kva det skuldast er ikkje godt å seia; kan godt vera eit resultat av cellegifta, Neulastaen og endra kosthald kombinert. Har dempa seg no.
I dag var ein dag med vanleg prosedyre: Frukost, meditering, mageøvingar, tur med Otto, lunsj, kviling, litt pusling i hagen, middag, kviling og i kveld er det trening med gutta!

fredag 18. mai 2007

Etter hovudkur og immunforsvarssprøyte:

Mandag og tysdag var sjukehusdagar. Gjekk greit sjølv om heile dagen med intravenøst vert slitsomt i lengden. Kvalmen var under kontroll denne gongen, men etter at svigerson min hadde kjørt meg heim, vart det ein del spying. Kanskje eg skal satsa på å overnatta til neste dag heretter.
Onsdagen sette Tove neulastasprøyta på meg. Var veldig spent på virkninga av den, men det ser ut som det går mykje betre denne gongen. Ein lang tur med søstra mi (ho og dottera kom på besøk i går) gjekk godt. Ser ut som eg ikkje treng grua meg til eventuelle sprøyter seinare.

torsdag 10. mai 2007

Nesten pinleg

byrjar dette å verta. I dag vart eg avvist for tredje gong. Nivået på dei kvite var stege litt, men ikkje nok. Skal prøva på nytt mandagen. Etter kuren mandag og tysdag vil eg så få sprøyte for å stimulera immunforsvaret; neulasta.
Heldigvis har dei aller fleste ting to sider. Eg fekk med meg eit forlagskurs i fysikk. Godt.
Merkar at den kontinuerlege usikkerheita slit. Vanskeleg å planleggja noko, for ein veit aldri om ting går etter planen. Veldig godt å ha mediteringa no.
Kjenner på meg at dersom eg no hadde satsa alt på cellegifta, så hadde eg vore mykje meir stressa. Er veldig glad for at me har fleire bein å stå på, slik at det er press på kreften heile tida, òg i periodar eg ikkje kan få cellegift. Forstår ikkje at folk tør å satsa alt på eit kort.

onsdag 9. mai 2007

Ikkje alt går etter planen.

Vart innlagt for ny hovudkur i dag. Starta som vanleg med blodprøve. Dessverre for dårleg immunforsvar denne gongen òg til at eg kunne få kur. Etter blodprøven kl. 9.00, sat eg å venta til 15.00. Fekk då beskjed om at eg ikkje kunne få noko cellegift i dag, men at me skal prøva igjen i morgon. Ja, ja, slik er livet.
Det positive var at dei raude blodcellene var på full fart oppover. Var no høgare enn dei har vore sidan kur 1. Hadde ein mistanke. Mandagskvelden, på guttetreninga, kjentes formen veldig god ut. Ikkje berre det, eg fekk bekrefta at det var lurt å byrja på fysioterapi for magemusklane. Framgongen var formidabel; mykje betre enn eg trudde var muleg på så kort tid.
I går var me på konsert der Kristian delvis akkompangerte ein flink songar, Tonje Hjertås, og delvis spelte solo, Dutilleux: Trois Preludes. Godt for stolte foreldre å få oppleva slikt.
I helga hadde me middagsbesøk både fredagen og søndagen. Veldig triveleg. Fredagen fekk eg som gave ein "urtekombinasjon for bedre energi", "Aktivator" frå Herba Plus. Det inneheld svært mange aminosyrer. Kjem tilbake med rapport seinare.
Eg har sidan forrige innlegg vorte oppfordra til å skriva meir om kosthaldet mitt. Det skal eg gjera etter kvart, både om prinsippa og konkret kva eg har i meg.
Oppsumert for denne perioden: alt går veldig godt men immunforsvaret strevar med å komma opp på akseptabel nivå. Må truleg ta ei ny Neulastasprøyte , men det får vel gå det òg.

torsdag 3. mai 2007

1. maitoget

gjekk utan meg i år. Uvant å ikkje delta, men eg tok ikkje sjansen. Kjem sterkare att neste år.
Var på hyttetur i lag med kollegaer frå i går til i dag. Veldig triveleg tur og godt å komma heimifrå litt.
Er mitt i friveka no og merkar at formen vert betre og betre. Skal inn på sjukehuset att onsdag og torsdag i neste veke. Spent på korleis nivået på raude og kvite blodceller har utvikla seg.
Namnet på bloggen indikerer det men eg har ikkje skrive at me no har endra mål. No er målet å verta erklært kreftfri og frisk. Både Tove og eg er no veldig sikre på at dette skal gå bra!!