Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

torsdag 12. juli 2007

Full gjennomgang, 7 hovudkur:

Først det viktigaste: Ikkje noko spreiing, dei fire kulane i levra var alle gått tilbake, men litt mindre enn sist. ca 25% i gjennomsnitt. To lymfeknytar utanfor levra som har vore forstørra har no normal storleik. Med det same me fekk resultatet vart me litt skuffa, for me håpa sterkt. Men i ettertid er me godt fornøgd. Resultatet er så godt som ein kunne håpa.
Eg var ikkje forberedt på at prøvane skulle verta så belastande. Ikkje prøvane i seg sjølv, men usikkerheita når det galt resultatet. Det var halvveges hyperventilering i to dagar. At eg nokre gonger ser pasientar som starta behandling omtrent samstundes med meg, som openbart ikkje har lenge att, er heller ikkje særleg oppmuntrande. Men eg klarte å løfta meg noko begge dagar med meditasjon.
Sjølve kuren gjekk godt, lite kvalme og eg var ikkje så utmatta på slutten som eg var 5. og 6. hovudkur. Ikkje kvalm i dag, berre litt luftgulping. Eg og hunden vår gjekk fem kilometer og humøret er bra. Har nett tatt Neulastasprøyta og er spent på korleis den virkar på meg dei neste dagane. Eg trur at eg tåler den óg betre.