Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

måndag 25. februar 2008

No virkar bloggen att!

Av mange grunnar har det ikkje vore skrive noko i bloggen på eit halvt år, men no trur eg han er reparert.
Etter behandlinga i august -07 har følgande skjedd. Eg har vore i 100 % jobb i haustsemesteret. 12 november var det full gjennomgang. Kreften hadde vakse, slik at det vart starta behandling med taxol/carboplatin (ny cellegift altså).
Denne gifta får eg med kur kvar 3. veke (har stort sett gått 3,5 veke pga dårlege blodverdiar, særleg blodplatene). Det verkar slik på meg: Først 3 dagar med kvalme som tabelettane fiksar greit. Så 2-3 dagar med influensaliknande reakasjonar (smerter i musklar og skjelett). Etter det er det einaste eg merkar at eg vert slappare og slappare fram til det byrjar å gå oppover att.

20/2 var det ny gjennomgang. Me vart litt skuffa, for prøvene viste stagnasjon men ikkje tilbakegang. Men sjølvsagt: Det kunne vore mykje verre!

Kva er det ellers å seia om dette halvåret? Eg starta i full jobb berre nokre dagar etter kuren i august. I ettertid må ein vel oppsumera at det var litt optimistisk, men det var og vedlig godt å komma i normalt gjenge ein periode. Det luraste hadde vel vore å starta på deltid for å trappa opp når kreftene tilsa det. Eit element her reglane for sjukepengar. Tanken min var at eg måtte sikra meg 6 mnd i full jobb, slik at eg ikkje risikerte å komma i ein situasjon der eg fekk vesentleg lavare inntekt å forholda meg til.

Når det gjeld dei alternative aktivitetane, har eg halde fram med dei som før; både trim, kosthald , tilskot og meditering. Det einaste nye er at eg har starta med eit nytt mistelteinprodukt: Palm misteltein.

Torsdag i denne veke reiser kona og eg til Danmark og Humlegården for å sjå om dei kan hjelpa meg til å få kontroll over kreften. Gler meg til det!! Neste innlegg i loggen kjem når me har installert oss på Humlegården.