Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

onsdag 9. mai 2007

Ikkje alt går etter planen.

Vart innlagt for ny hovudkur i dag. Starta som vanleg med blodprøve. Dessverre for dårleg immunforsvar denne gongen òg til at eg kunne få kur. Etter blodprøven kl. 9.00, sat eg å venta til 15.00. Fekk då beskjed om at eg ikkje kunne få noko cellegift i dag, men at me skal prøva igjen i morgon. Ja, ja, slik er livet.
Det positive var at dei raude blodcellene var på full fart oppover. Var no høgare enn dei har vore sidan kur 1. Hadde ein mistanke. Mandagskvelden, på guttetreninga, kjentes formen veldig god ut. Ikkje berre det, eg fekk bekrefta at det var lurt å byrja på fysioterapi for magemusklane. Framgongen var formidabel; mykje betre enn eg trudde var muleg på så kort tid.
I går var me på konsert der Kristian delvis akkompangerte ein flink songar, Tonje Hjertås, og delvis spelte solo, Dutilleux: Trois Preludes. Godt for stolte foreldre å få oppleva slikt.
I helga hadde me middagsbesøk både fredagen og søndagen. Veldig triveleg. Fredagen fekk eg som gave ein "urtekombinasjon for bedre energi", "Aktivator" frå Herba Plus. Det inneheld svært mange aminosyrer. Kjem tilbake med rapport seinare.
Eg har sidan forrige innlegg vorte oppfordra til å skriva meir om kosthaldet mitt. Det skal eg gjera etter kvart, både om prinsippa og konkret kva eg har i meg.
Oppsumert for denne perioden: alt går veldig godt men immunforsvaret strevar med å komma opp på akseptabel nivå. Må truleg ta ei ny Neulastasprøyte , men det får vel gå det òg.