Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

torsdag 13. mars 2008

Ferdig kl. 20.00 i dag. Deretter fekk me eit foredrag om kreft allment og om angiogenesehemmarar. Blandt det som vart sagt om kreft vil eg nemna: Det viser seg at svært mange som dør av ulike grunnar (ikkje kreft) og som vert obdusert, viser seg å ha små kreftsvulstart (1mm)som ikkje har vakse. Altså små
kreftsvulstar er vanleg, men kvifor er det berre hos nokre dei startar å veksa? Ein veit ikkje sikkert, men fysiske eller psykiske kriser kan utløysa veks i kreftsvulsten. Ein teori (angiogeneseteorien) seier at vilkåret for at kreften skal kunne veksa er at dei sender ut veksstimulatorar av ulike slag som stimulerer blodkar i friskt nærliggande vev til å senda ut ein sidearm mot svulsten (angiogenese). Den metronomiske cellegiften som øydelegg og/eller hindrar nydanning av blodkar til kreftcellene, har sterkare effekt dersom dei vert kombinert med stoff som hindrar nydanning av slike blodkar, angiogenesehemmarar. Det vart i dag nemnt grønn te og alfalipoensyre (+ mange andre)som Humlegården brukar. Eg skal seinare komma tilbake til dette. Når det gjeld Cox-2, skulle det takast opp i eit seinare foredrag (Peter har skrive om det i ein kommentar til innlegget i går).

Feberen som eg fekk i går pga høgare mistelteindose, var på normalt nivå om kvelden. Det vil seia at eg kan halda fram opptrappinga av mistelteindosane.