Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

tysdag 4. mars 2008

Stadig nye erfaringar.



I dag hadde me tenkt oss til Lousianna for å sjå på Cezanneutstilling. For å få tid stod eg opp klokka 6.15 for å gjera unna ein del ting før frukost. Alt gjekk bra, men så ville dei ha meg med på heilkropps hypertermi.

På bildet over vises utstyret. Opplegget er at ein vert varma opp av kraftige lampar under "senga". Varmen vert halde på plass av den grøne folien. Det ideele er å komma opp i ein kroppstemperatur på 40, 40,2 grader. Dette skal stressa kreften kraftig. Heile opplegget varer 6 timar. Eg kom opp i 39,5 som haldt seg stabilt i ca 4 timar. Det kjentes VELDIG effektivt ut Var det like tøft til kreften som til meg, så går dette bra.

Slik ser ein ut etter å ha vorte kokt på 39,5 grader ei god stund.
Elles må eg nemna at dosen med intravenøs C-vitamin i dag gjekk opp til 50 g. Det får eg kvar 4. dag.
I morgon satsar me på Lousianna endå ein gong, men me veit aldri.
No snør det og det hadde det gjort i natt og. Me vakna til snødekka mark og kulde.