Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

fredag 7. mars 2008

Behandling som vanleg og tur til Helsingør

I dag starta eg behandlinga 6.15, slik at me skulle få tid til ein Helsingørtur. Det gjekk bra. Me fekk oss ein fin tur i gammlebyen og på Kronborg slott. Litt spasering, kaffidrikking, shopping (Tove!!) og eit godt glas vin til slutt før me drog heim. Triveleg tur og godt å gjera noko anna. Me bestemte oss for at her må me komma tilbake ein gong.


I serien Hummlegårdbehandlingar, er me i dag komme til oksygenbehandling (den eine). Den største boksen produserer singuletoxygen som vert pusta inn 2 gonger om dagen i 10 min. via slangen som visest på brystet mitt. Den litle boksen produserer same type oksygen som vert tilført eit glas vatn som me drikk etterpå. Høgt oksygeninnhald i blodet er ugunstig for kreften.

Kvar fredag kl 20.00 samlast alle pasientane og pårørande til kaffi og kaker rundt eit stort bord i storstova. Der vert det snakka om alt muleg, men sjølvsagt så er det ofte våre eigne erfaringar på godt og vondt det vert snakka om.