Før - etter

Før - etter
Litt tynnare i håret og litt magrare, men elles den same.

måndag 17. mars 2008


Nest siste behandlingsdag i dag, og ingenting nytt å melda, sett vekk frå at det har vore skikkeleg snøstorm her i heile dag. Bildet viser ikkje snøen som fyk og vinden som bles, men det var skikkelege guffent. Trudde ikkje det kunne vera sånn i Danmark. Beklager, Johan, det vart som du forstår ingen blomsterbolder i dag.

søndag 16. mars 2008

Opphaldet som no har vore i bloggane, skuldast at eg har hatt søstra mi på besøk. Det å gå på tur med og snakka med ho, har hatt førsteprioritet. Opphaldet er no i ferd med å gå inn i sluttfasen. Me har no eit rutinemessig opplegg der einaste utvikling for min del er at mistelteindosane etter kvart går opp (50 mg i dag) og at belastninga i den lokale hypertermien går opp. I går hadde eg 150W i 70 min., som resulterte i ei energimengde på 710 kJ.

Det har vore ein fantastisk vårdag i dag, ein slik som me kan ha langt uti mai i Trøndelag.



Blidet attmed viser det siste av apparata eg har bruka på Humlegården. Det er ein rehatron som produserer lynraske straumpulsar som genererer pulserande magnetfelt som går inn i kroppen der ein held den blå lykkja. Dette stimulerer imunforsvaret allment og spesielt cellene sin evne til reparasjon.

Vil og nemna at eg no begynner sterkt å lengta heim. 3veker som hardarbeidane pasient er nok.

Vil og nemna at til kvart måltid et me 5 aprikoskjerner. Bakgrunnen for det er å finna i følgjande utklipp frå Dagbladet 31.10.07:
"
DETTE ER TEORIEN:Vitamin B 17 har en spesiell sammensetning: Den består av to deler glukose (sukker), en del benzaldehyde, og en del cyanid. Cyanid (blåsyre)kan være giftig og dødelig i for store mengder, men låst inne i B17 er det i følge Griffin ufarlig. Bare èn substans kan låse opp B17-molekylet og utløse cyaniden. Det er et enzym som heter beta-glukosidase. Når B17 kommer i kontakt med dette "åpnende" enzymet i nærhet av vann, løser det ikke bare ut cyaniden, men også benzaldehyde, som er giftig i seg selv. Når disse to giftene virker sammen, blir de minst hundre ganger giftigere. Det snedige er at det åpnende enzymet ikke finnes i farlige mengder noen andre steder enn ved kreftcellene, hvor det finnes i rikelige mengder. Resultat: B 17 slipper løs giftene sine ved kreftcellene, og bare der. For å beskytte resten av kroppen mot cyanid, har vi et ”beskyttende” enzym som finnes alle andre steder enn ved kreftcellene. Dette enzymet nøytraliserer cyanid, og gjør det om til biprodukter som hevdes å være sunne og viktige for helsen vår. Mer om B17 og kreftbehandling på Fritt Helsevalgs nettsider og Eu-nettsiden om alternativ medisin -cam-cancer.org "


torsdag 13. mars 2008

Ferdig kl. 20.00 i dag. Deretter fekk me eit foredrag om kreft allment og om angiogenesehemmarar. Blandt det som vart sagt om kreft vil eg nemna: Det viser seg at svært mange som dør av ulike grunnar (ikkje kreft) og som vert obdusert, viser seg å ha små kreftsvulstart (1mm)som ikkje har vakse. Altså små
kreftsvulstar er vanleg, men kvifor er det berre hos nokre dei startar å veksa? Ein veit ikkje sikkert, men fysiske eller psykiske kriser kan utløysa veks i kreftsvulsten. Ein teori (angiogeneseteorien) seier at vilkåret for at kreften skal kunne veksa er at dei sender ut veksstimulatorar av ulike slag som stimulerer blodkar i friskt nærliggande vev til å senda ut ein sidearm mot svulsten (angiogenese). Den metronomiske cellegiften som øydelegg og/eller hindrar nydanning av blodkar til kreftcellene, har sterkare effekt dersom dei vert kombinert med stoff som hindrar nydanning av slike blodkar, angiogenesehemmarar. Det vart i dag nemnt grønn te og alfalipoensyre (+ mange andre)som Humlegården brukar. Eg skal seinare komma tilbake til dette. Når det gjeld Cox-2, skulle det takast opp i eit seinare foredrag (Peter har skrive om det i ein kommentar til innlegget i går).

Feberen som eg fekk i går pga høgare mistelteindose, var på normalt nivå om kvelden. Det vil seia at eg kan halda fram opptrappinga av mistelteindosane.

onsdag 12. mars 2008

Då er klokka 19.21 og eg er akkurat ferdig med dagens progam. I dag har første "unormalitet" oppstått, kl. 17.00 var temperaturen 38,2. Det kom saman med at mistelteindosen var auka til 30 mg. Det. er normalt, men det vert spennande å sjå kor lenge det varer.



Av nye ting som eg skal halda fram med etter eg kjem heim, er metronomisk cellogift (sendoxan 50 mg). Det er ein tablett som eg tek kvar morgon. Denne cellegifta angrip ikkje sjølve kreftcella, men dei cellene som utgjer veggane i blodkarene i kreften. Det gjer at nydanning av blodkar opphøyrer eller minkar, slik at kreftcellene ikkje får næring. Dette kan føra til minking eller fullstendig destruksjon av kreftsvulsten. Det er mykje mindre bivirkningar av denne medisinen enn vanleg cellegift. Det kan virka litt negativt på beinmargen og det kan gi litt mageproblem.



Metronomisk cellegift bør altid kombinerast med andre terapiar f.eks Cox 2-hemmarar eller angionesehemmarar (ikkje spør meg!!). Her brukar ein å kombinera den metronomiske cellegifta med grønn te og aprikosekjerner (B17)

Eg har før skrive om at oksygen er ein av behandlingane. Her er eit apparat som produserer det dei kallar ardenne?oksygen. Her sit eg ein time kvar dag og pustar inn oksygen i djupe drag.

Dette apparatet kallar dei biofoton. Handtaket som ligg til høgre har ei rute der det kjem eit pulserande lys. Denne presser ein inn mot huden utanfor kreften, den spesielle frekvensen til dette lyset frigjer hormonar? som stimulerer immunforsvaret.

Dei eldste byggningane på Humlegården er staselege. Det har tidligare bilder her vist. Her er eit utsnitt frå ei av stovene i hovudbygget.

tysdag 11. mars 2008

Fekk resutat frå blodprøven i dag. Blodplatene, som var mest kritiske, var oppe på normalverdiar. Det er mest eit under, i Trondheim kunne dei ikkje gjera noko for å få opp blodplateverdiane. Dei kvite og raude stod i ro. Eit teikn på at beinmargen er godt sliten.

Fekk og lokal hypertermi i dag. Dette er ei behandling som dei og driv med på Haukeland sjukehus, som det einast sjukehuset i Noreg. Eg vart radiostråla med ein effekt på 150 W i 75 min. og energimengen som kroppen tok i mot var på 672 kJ. Det betyr at temperaturen i det lokale området var langt opp mot 50 grader.

Då eg la meg ned for å få hypertermien, så den bulgarske sjukesøstra til meg: Du må læra alle dei andre pasientane å pusta. Rolf, du har gjort ein god jobb som meditasjonstrenar!!

måndag 10. mars 2008




I dag starta dagen med blodprøve. Eg tek ein del for å få opp blodverdiane, og det må kontrollerast. Korleis er stoda ellers? Formen blir betre for kvar dag, i dag klarte eg å springa ein halv km. utan at hjarta slo seg ut av kroppen.

Heilt sidan operasjonen har eg vore plaga med smerter i mageregionen, truleg smerter i alle arra som er der inne. Det er no vesentleg betre!

Ei god stund no har eg vore nummen og hatt vondt under føtene. Det er og komme seg ein god del. Det einaste som manglar no, er at noko dramatisk skjer. Noko dramatisk som viser at kreftkulane sloss dødskampen sin.

Som sagt så var eg ute på tur i dag. Det danske turterrenget er ikkje som det norske. Skogen eg gjekk i var etter vore begrep meir park enn skog. Merka med fine steinar var dei og.
Her er ein del av turløypa mi. God å gå i.

laurdag 8. mars 2008

Helga ferdig

No er eg halvferdig med opplegget. Det går jammen fort!!


I går vakna me opp til ei vakker sol og fin temperatur. Fekk gåttt meg ein god "skovtur" ut på ettermiddagen. Formen er fin og for oppadgående.

I dag har det vore ein roleg og grei dag med standard behandling. Fekk meg ein fin tur i dag og. Sit no og skriv, medan Tove pakkar. Ho reiser i morgon tidleg.

Nokre har etterlyst bilde av Tove. Her kjem eit par av Tove i hagen på Louisiana.

Her utanfor hovudinngangen.















Her er Tove i hagen ei av svært mange statuer. Hagen åleine er verd eit besøk.